Maria er ei jente som pratar og skravler i eitt sett. Ho spør og fortel om alt mogleg, og får ho ikkje svar med ein gong, spør ho 10 gongar til...:) Av og til kan øyrene til mamma og pappa få "gnagsår" av heile greia. Omtrent alt som blir sagt her i huset blir kommentert og registrert av minstetrulta. Ho lærer fort og "har mykje føre seg", og det er vi sjølvsagt veldig glade for. Ho er også veldig bestemt og sta, og blir ekstremt fornærma dersom ikkje ho får viljen sin. I sta kom ho i full fart ned trappa frå loftet og ropte: "mamma, mamma, Dalel e ei lampejente" (Daniel e ei rampejente). Då hadde dei leika seg, og broren var tydelegvis ikkje lydig nok... Pappa har fått høyrt at " du klale ikke å bytte bleie, bæle mamma, Fy skam dej!" då han prøvde å få skifte en skit-bleie... Sukk.. eg mistenkte Rune for å ha lært henne den siste der, då...Ei godjente er ho uansett, Maria-gullet!
4 kommentarer:
Å hjelpe meg så flink ho er til å snakke då! Berre enkelt ord stort sett her med frøkena vår.. Dvs ho sei "KUTT UT bebi".. ;) Maria har mykje føre seg ja! Nydeleg jente! :)
Wow, då e ho jamen flink å prate, ja:) Her mæ gjeng det for det meste i enkeltord, og det aller hottaste no, e "NEI";0)
Kor stor Maria he blitt! Lik søstra si også:-)
Høres ut som ho e kjempeflink å prate. Her prøva ej å lære ho til å sei takk og ja, men foreløbig til inga nytte..Ho svara berre nei tilbake...
Åj, so flink ho e å snakke da! Her e det babbel det gjeng i enda. Og enkeltord som her, der, mitt sitt, navne på søstrenen og sånt. Men aldri ei heil setning, eller meir enn 1-2 ord. Kjekt når dei klare å gjer sej forstått da. Tippa pappaen såg sitt snitt te å sleppe fleire bleia, ja ;-)
Legg inn en kommentar