Maria er ei veldig aktiv jente. Ho held oss "i ånde" kvart minutt ho er vaken. Ho styrer og ordnar og hjelper seg sjølv og andre. Maria er omsorgsfull og snill, men det er HO som er sjefen i huset...ingen tvil om det...! Pratar som ein foss, nesten ustoppeleg til tider. Kan fortelje om det ho gjer på i barnehagen, kva Daniel og Malin har gjort og sagt osv. Spør og grev om alt og gir seg ikkje før ho har fått eit svar. Vi har enno til gode å oppleve at ho set seg ned for å sjå på tv, lese i ei bok eller teikne i meir enn ca 1/2 min. Men ho er roleg og søv om natta, heldigvis:) Eller "ligg på lading" som vi kan kalle det. Favorittleiker for tida er dokker (bebi, som ho sei sjølv). Ho kler av dei og matar dei og trillar dei. Maria likar også godt å lage mat, leikemat. Då dekker ho på bordet, og sørger for at alle gjestane får kaffi og pizza eller kva det no er på menyen:)Mariagullet gir oss mykje glede og latter, og vi er alle veldig glade i henne!
Vi flira litt søndag då vi heldt på å rigga på oss bunader heile gjengen for å fare i konfirmasjon: Rune var i gang med å kave på strømpene og strømpebanda, so spør Maria: " kal du på foppaltlæning, pappa?" Jaja, ho var no inne på noko då, med strømper og sånn...:)
Bursdagen blir feira i barnehagen, og so kjem besteforeldre og nokre oldeforeldre til middag og kaffi etter jobb:)
GRATULERER MED DAGEN!!
4 kommentarer:
Så kjekt å lese om vesle store Maria då! Vi bruker også å seie at dei ligg på lading.. for dei treng all den energien dei kan få, for å kome seg gjennom dagen ;) Hipp hurra for Maria! :)
Gratulere so masse med dagen til Maria:) Dagen før mej ho da;) Så artig at ho e so flink til å prate da! Her gjeng det berre i ett og anna orda enda, men det bli vel:) Ha en fin dag, Maria!
Hipp hipp hurra for Maria!
Gratulerer så mykje med dagen! :-) Artig å lese innlegget. Ho he absolutt "mykje føre sej" ser det ut te. Flink jente!
Legg inn en kommentar