torsdag 5. november 2009

Ny sveis!

I dag var både Malin og Daniel hos frisøren. Malin klipte nokså kort hår, og begge fekk farge i håret:)
Søse-guten med blå lugg!


Store-jenta med ei raud stripe:)

Mør

I går laga vi mør. Som bilda viser, var både store og små i sving!





Kverning/maling av kjøtet. Sauekjøt og hjortekjøt. Godt å blande dei to.



Her er noko av den ferdige mørdeiga. Etterpå vart den føgla slik at det blei mør. Det blei ikkje tatt fleire bilder i går. I dag har møren blitt opphengt i løa for tørk. Ca 6 veker tek det å tørke den der den heng. Gler meg til å smake:)



Badefamilien:)

Her kosar vi oss!! Kjempedeilig å bade i varmt vatn, ute, akkurat når ein vil!

fredag 23. oktober 2009

Bading...:)

No har vi endeleg fått boblebassenget vi bestilte for fleire månader sidan! Det var klart til bruk seint no i kveld, og då måtte vi berre prøve! Vi hadde ikkje i gong bobler eller massasjedyser når vi knipsa bilda. Men ein kan ha på MASSE bobler!



Det var berre heilt fantastisk deilig! Vatnet er 38,5 grader. Og i kveld var det stjerneklart og vindstille i tillegg så det var perfekt! I morgon blir det bading etter frokost for alle 5!!

tirsdag 22. september 2009

Maria

Då eg skulle ta bilde av katten, stilte Maria seg opp og gjorde seg til, for at eg skulle ta bilde av henne. Her er ho, tøysejenta!!









Pus i hus

No har vi fått ein kattunge i hus. "Pus" er skaffa gjennom Dyrebeskyttelsen i Ålesund. Ungane er veldig glade i den lille pusen, men den er enn so lenge litt skeptisk til ungane... :)
Vi håper det blir rett ein kosekatt etterkvart, når den har vent seg til livet i huset vårt:)

onsdag 19. august 2009

Skulejenta vår

I dag byrja Malin i 1. klasse. Ho pakka sekken sin i går, og var ganske spent på dagen i dag då ho la seg. I dag syntes ho det var veldig stas å få putte matboksa i sekken, og gjere seg klar! I går datt også den 4. tanna ut av munnen til Malin, så no er det eit skikkeleg tannlaust smil :)
Spennande! Malin var glad for at mamma skulle vere med første dagen, men ho ville ikkje leiast, hihi:)

Her har ho funne pulten sin.



Tre store (/små??) førsteklassingar ilag med lærar Kirsti.
Vi foreldra var der ei lita stund, men så var det på tide at ungane fekk vere litt på eiga hand. Det gjekk veldig fint kunne Malin fortelje då ho kom heim. Dei fekk to sider i lekse, og det kasta ho seg over med det samme:) Må vel rekne med at det kanskje ikkje alltid blir slik då...